Vi treng ein levande
kyst for å leve

Vi treng ein levande
kyst for å leve

Sjå føre deg ei framtid der havet er øydelagt av forureining, overfiske og klimaendringar. Ei kystlinje der sjøfuglane har forsvunne fordi dei ikkje lenger har nok å ete. Ei framtid der torsk, sei og hyse ikkje maktar å overleve. Der det norske havet, som ein gong var kjelde til liv og rikdom, har blitt til daud ørken.

Korleis ville dette påverke livet ditt?

No, sjå føre deg eit krystallklart hav som yrer av liv.

Solstrålane trengjer gjennom det kalde vatnet og avslører eit fargesprakande teppe av tang og tare. Silda glitrar som sølv i lyset, og ut frå stupbratte fjellveggar svevar sjøfugl på jakt etter neste måltid.

Havet langs norskekysten er eit av det mest produktive i verda, men det er òg sårbart. Klimaendringar, forureining og overfiske truer det unike økosystemet. Utan handling står vi i fare for å miste meir enn berre fisk og fuglar – vi risikerer å miste kystens evne til å beskytte oss mot naturkatastrofar og til å gi oss verdifulle ressursar.

Den verkelegheita vi ønskjer for framtida er opp til oss å forme.

Din innsats kan redde Norskekysten

For å sikre ein levande kyst treng vi kunnskap. Vi treng samarbeid. Vi treng handling.

Runde Miljøsenter forskar på klimaendringar, ressursutnytting, forsøpling, forureining og arealbruk. Kunnskapen vi får gjennom forskinga er viktige verktøy for å påverke politiske avgjersler og skape reelle endringar.

Men vi kan ikkje gjere dette åleine – vi treng deg med på laget.

Visste du at havet regulerer klimaet ved å ta opp store mengder karbondioksid? Det er som eit gigantisk karbonlager som hjelper oss å dempe effektane av klimaendringane. Utan eit sunt hav vil vi miste denne beskyttelsen, og konsekvensane kan bli katastrofale – både for klimaet, for kystsamfunna og for framtidige generasjonar.

Runde Miljøsenter er rettleiar
i kampen for ein levande kyst

Runde Miljøsenter i Herøy verkar som ein magnet på alle som bryr seg om havet:
Miljødirektoratet og Havforskingsinstituttet. Politikarar. Havbruksnæringa og turistnæringa.
Marinbiologar, oseanografar, økologar og studentar…

Truls Gulowsen i Naturvernforbundet

Fakta om Runde Miljøsenter

2024 har vore eit viktig år for alle som set pris på miljøsenteret sitt arbeid innan forsking, miljøvern og formidling.

Her er ni tiltak Runde Miljøsenter er engasjert i for å ta vare på livet i havet og langs Norskekysten:

Foto: Ingar Støyle Bringsvor

Foto: Ingar Støyle Bringsvor

Fagdirektør Sissel Rogne ved Havforskningsinstituttet
Utsikt utover Geirangerfjorden
Caspian på fjøreforsking med Opplev Runde.

Redding av kysttorsken:

Borgundfjorden er eit viktig gyteområde for torsk, men bestanden har gått kraftig tilbake. Har norske myndigheiter gjort nok for å unngå at fjordane våre tappast for kysttorsk?

No er fasiten klar.

Visste du at havet er eit rik skattkammer av fisk og skaldyr, som er viktige kjelder til protein for folk og dyr over heile verda?

I lunden sitt nebb ligg havets hemmelegheiter.

Kvart år kjem lundefuglane til Runde på Sunnmøre for å hekke. Gjennom kameraovervaking og GPS-logging, følgjer forskarane fuglane sin jakt etter mat.

Lundane gir oss viktig informasjon om kva som skjer under havoverflata, slik at vi kan handle før skaden vert uoppretteleg.

Lesetips:

Visste du at havet er heim for eit ufatteleg mangfold av liv, frå dei minste mikroskopiske organismane til dei største pattedyra? Dette mangfoldet er nøkkelen til sunne økosystem og ein stabil planet.

Formidlar kunnskap på lundesafari

Runde er eit viktig hekkeområde for desse søte, små sjøpapegøyane. På ein guida safari med Opplev Runde møter berekraftige turistar lundane på nært hald.

Lesetips:

Visste du at lundefuglane kan bere opptil 68 fiskeyngel i nebbet på ein gong?

Coasteering med Opplev Runde:

Lær om blautdyr, tang og tare som veks langs kystlinja på Runde i ein biologitime i fjøra.

Coasteering gir ei unik og adrenalinfylt oppleving av naturen, med både symjing, klatring og hopping i sjøen. Samtidig får deltakarane utforske kystlinja på nært hald, trygt guida av naturrettleiar Johannes Madsen.

Lesetips:

Visste du at marine plantar, som algar og plankton, produserer ein stor del av jordas oksygen gjennom fotosyntese? Faktisk trur ein at mellom 50 og 80 prosent av alt oksygen i atmosfæren kjem frå havet.

Rundesymposiet 2024: Berekraftig turisme i kystområda

Deltakarar frå forsking, næringsliv og forvaltning diskuterte korleis vi kan kombinere aukande turisme med vern av natur og kulturarv. Ekspertane er samde om at berekraftig turisme i Noreg treng meir samarbeid, meir kunnskap og ei meir jamn fordeling av turistane:

  • Spreiing av turistane: For å unngå overbelasting av populære reisemål, må vi spreie turistane til fleire stadar og over fleire årstider.
  • Autentiske opplevingar: Turistane etterlyser stadig meir ekte naturopplevingar og ro.
  • Tverrfagleg samarbeid: For å finne gode løysingar på utfordringane knytte til turisme og miljø er tverrfagleg samarbeid heilt nødvendig.
  • Kunnskap: Det trengst meir forsking for å forstå korleis turismen påverkar naturen.
  • Standardisering: Alle reiselivsbedrifter bør følgje dei same retningslinjene for å sikre berekraftig drift.
  • Kort sagt: Vi må jobbe saman for å utvikle ein bærekraftig turisme som både tek vare på naturen og gir turistane gode opplevingar.

    Lesetips:

    Visste du at heile 90 prosent av varmen frå den globale oppvarminga blir sugd opp av havet? Det er derfor vi ikkje merkar så godt kor varmt det blir på land. Havet er som eit stort varmeteppe for jorda.

    PS. Rundesymposiet resulterte i eit viktig prosjekt som Runde Miljøsenter er godt i gang med...

    ...Nemleg arbeidet med å sikre ei berekraftig framtid for Geirangerfjorden, Sunnylvsfjorden og Tafjorden

    Forskarane undersøker kva som er spesielt og viktig i sjøen i dei vestnorske fjordane våre, så vi kan passa betre på dei.

    Visste du at halvparten av oksygenet vi pustar inn kjem frå bitte små plantar i havet, såkalla planteplankton? Ja, du las rett! Kvar andre gong du tek eit andedrag, er det takka vere havet.

    Forsking, leik og læring i fjøra

    Det finst meir enn krabber, tang og tare i fjøra. 

    Fjøreforsking med Opplev Runde er ei interaktiv oppleving, der deltakarane lærer om det mangfaldige livet i fjøra på ein morosam og engasjerande måte.

    Lesetips:

    Visste du at havet dekkjer heile 71 prosent av jorda? Eller at 90% av alt liv på jorda finst i havet?

    Fangar inn fiskereiskap som har drive av garde

    Når fiskereiskap blir borte, held dei fram å fanga liv i havet. Dette kallar vi spøkelsesfiske, og det skadar havet vårt.

    Fiskereiskap på avvege er eit stort problem over heile verda. Runde Miljøsenter testar no ut eit nytt system som heiter «PingMe» for å finne og få tak i desse tapte reiskapane. PingMe sender ut signal frå fiskereiskapa.

    Lesetip:

    Visste du at havet er ei enorm energikjelde? Ved hjelp av tidevatn, bølgjer og offshore vindkraft kan vi utvinne fornybar energi som kan erstatte fossilt brennstoff.

    Mat frå havet – no og i framtida: Kva må til?

    Runde er ein unik plass med eit rikt og mangfaldig liv. Difor må vi verna om naturen her. Korleis kan kunnskapen om Runde gjere at dei som livnærer seg av havet kan ta betre vare på det?

    Lesetips:

    Visste du at mange av medisinane og behandlingane vi har i dag, har røter i havet? Til dømes har ein funne viktige stoff i korallar og sjøpattedyr som kan brukast i kreftbehandling og utvikling av nye medisinar.

    Kva skjer viss vi ikkje handlar?

    Dersom Runde Miljøsenter ikkje får tilstrekkeleg finansiering, vil mykje av forskinga og kunnskapsformidlinga stoppe opp. Det vil svekke vår felles evne til å verne om kystens unike økosystem og redusere sjansane for at vi lukkast med å påverke framtidige politiske avgjersler.

    Bli ein del av løysinga!

    Du kan bidra til ei berekraftig framtid for havet og kysten. Din støtte, enten det er gjennom donasjonar, frivillig arbeid eller ved å spreie bodskapen om Runde Mijøsenter sitt arbeid for ei levande kyst, kan gjere ein forskjell.